For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Auka forståing for forsking

Tilsette frå Høgskulen i Sogn og Fjordane i smerteduell hjå professor magne Flaten. Det er uvisst kven som tålte mest!
Tilsette frå Høgskulen i Sogn og Fjordane i smerteduell hjå professor magne Flaten. Det er uvisst kven som tålte mest!

Laurdag stod forskingsinteresserte i kø for å finne ut meir om eiga fysiske form og kvar smerteterskelen gjekk.

Høgskulen og Helse Førde arrangerte saman med opplæringskontoret for prosess og mekanisk industri til forskingstorg på Skywalken i Førde. Både store og små fekk utforske fleire av forskingsfelta som institusjonane er opptekne av.

- Det var stor pågang av folk heile dagen. Spesielt kjekt var det at så mange vaksne var til stades og prøvde alt vi hadde å tilby. Eg trur mange fekk mykje gratis kunnskap med seg på handleturen den dagen, seier Eli Nummedal frå Avdeling for ingeniør og naturfag.

Praktisk kunnskap

Mange var opptekne av å vite meir om korleis den fysiske forma er. På stasjonen til John Roger Andersen og Randi Jepsen, fekk publikum ta ein test på kondisjon og puls og mål av kilo og feittprosent. - Nokre var kanskje litt engstelege for å få vite resultata, men vi forklarer kva resultata betyr og gjev nokre tips og råd med på vegen om dei ynskjer å gjere endringar, fortel forskar på fedme og overvekt, John Roger Andersen. Han syns også det er kjekt å synleggjere korleis ein forskar arbeider og samfunnsnytten som kjem ut av forskinga.

Også dekan ved Avdeling for helsefag, Eva Marie Halvorsen, var godt nøgd med dagen. – Tilbakemeldingane frå publikum var særs positive, og det verkar som folk lærer noko og forstår meir av kva vi held på med. Forsking kan vere eit vanskeleg og kanskje skremmande omgrep. Slike aktivitetar og forskingstorg bidreg forhåpentlegvis til kunnskap om dei ulike felta. Samstundes er det ein flott måte å synleggjere våre institusjonar.

Godt samarbeid

I år som i fjor var det også opplæring hjarte- og lungeredning og bruk av hjartestartar. – Også her ser vi at både store og små er særs interesserte og ynskjer å halde seg oppdaterte. Dei nye retningslinjene med tretti kompresjonar og to innblåsingar er tydelege døme på korleis forskinga kjem med nye anbefalingar som kan få innverknad på kvardagslivet vårt, seier Halvorsen.

Ved stasjonen til professor Magne Flaten, der ein kunne teste eigen smerteterskel, var det også stor pågang heile dagen. Det var fleire duellar for å sjå kven i venninnegjengen eller av ekteparten som gjekk av med sigeren i kampen om å tåle mest smerte.

- Forskingstorget var også i år ein suksess, og samarbeidet mellom dei ulike partane fungerer særs godt, så vi gledar oss allereie til neste år, seier Eva Marie Halvorsen.


Sist endra: 27. september 2011 13:08:50