Johs. B. Thue var den første fagleg tilsette ved SFDH. Han var òg DH-skulens første rektor. Sist veke fylte han 70. Kva var meir naturleg enn å markere dette med utgiving av eit festskrift?
Historikaren Johs. B. Thue frå Balestrand vart våren 1974 tilsett som høgskulelektor ved det eittårige studiet i samfunnsfag ved Sogn og Fjordane distriktshøgskule. Med dette fekk den nye DH-skulen, som starta opp undervisninga haustsemesteret 1975, sin første faglege tilsette. I 1979 vart Thue vald leiar for DH-skulen og våren 1981, etter skilsmissa frå Lærarskulen, den første rektoren ved Sogn og Fjordane distriktshøgskule.
Etter at han slutta ved DH-skulen, arbeidde Johs. B. som rådgjevar og frilans konsulent, før han vart redaktør av Sogn Dagblad 1994-97. Deretter har han arbeidd som frilans skribent og forfattar. Han har gitt ut ei rekkje bøker; reiseskildringar, faghistoriske bøker, debattbøker, skjønnlitteratur. Frå byrjinga av 1990-talet har han òg skrive spalta Nett no; først i Sogn Dagblad og deretter i Sogn Avis. Denne spalta har for lengst blitt ein "institusjon".
Johs. B. har vorte ein folkekjær skribent. Han har klart å vidareføre noko av det beste i tradisjonen etter dei store norske historikarane: Evna til å formidle fagstoff og innfløkte resonnement i eit folkeleg språk på ein måte som er forståeleg og tankevekkjande, og som samstundes appellerer til kjenslene. På bloggen sin skriv stipendiat og spaltist Eli Bjørhusdal at Johs. B. tvillaust er "den modigaste og viktigaste intellektuelle i Sogn og i Fjordane."
I festskriftet "Tankerekkjer", som Johs. B. fekk til 70-årsdagen, vert den mangslungne aktiviteten hans reflektert over. Skriftet er redigert av Aage Engesæter, Jan Inge Fardal og Lars Nes. 13 forfattarar har medverka i festskriftet, som òg inneheld eit lite utval av den rike produksjonen til jubilanten sjølv. Frå HSF har Rasmus Sunde, Eli Bjørhusdal, Georg Arnestad og Gunnar Yttri bidrege med artiklar.
HSF gratulerer jubilanten med vel overstått 70-årsdag, og vonar det kjem mange gode og utfordrande bidrag frå han i åra som kjem.
Sist endra: 19. september 2010 22:53:12