For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Kommunikasjon med uvanlege barn

16 mars 2010 10:00 - 16 mars 2010 15:45
Illustrasjonsbilde til seminaret Kommunikasjon med uvanlege barn
Lær meir om kommunikasjon

Per Lorentzen føreles og viser videoillustrasjonar med fokus på relasjonelle og emosjonelle føresetnader for språkutviklinga hos fuksjonshemma barn.

INVITASJON TIL GRATIS SEMINAR

Målgruppe: Alle som ønskjer å lære meir om kommunikasjon.

Seminaret er også ein del av undervisninga for studentane på første og andre året ved HSF sitt vernepleiestudium.

Påmelding: Meld deg på elektronisk her, eller send e-post til agnes.fotland@hisf.no
Studentar skal ikkje melde seg på.

.

Program

1000-1015 Opning

1015-1130 Lorentzen føreles

1130-1215 Lunsj - kan kjøpast på kantina i Kulturhuset

1215-1345 Lorentzen føreles forts.

1345-1415 Pause med kaffe, te og "noko attåt"

1415-1545 Lorentzen føreles forts.

1545 Slutt

Nærmare omtale av program og førelesar

Per Lorentzen er psykolog og førstelektor ved Høgskolen i Oslo. Med utgangspunkt i boka si Kommunikasjon med uvanlege barn vil han fokusere på korleis man kan inkludere funksjoshemma barn i naturlege og vanlege utviklingsløp. Han stiller mellom anna sprøsmålet: Kva er tydinga av kommunikasjon mellom menneske og kva betyr denne forståinga for den pedagogiske tilnærminga til uvanlege barn.

Bygg

Sogndal Kulturhus

Rom

Storsalen

Kontaktperson

agnes.fotland@hisf.no, telefon 57 67 62 59


Sist endra: 17. mars 2010 08:37:33