For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Campus-seminar i samband med Sogndal filmfestival

16 mars 2010 10:00 - 16 mars 2010 15:00

Sogndal vidaregåande skule, ved 3. klasse på medialinja, inviterer til Campus-seminar tysdag 16.03 i samband med Sogndal filmfestival. Seminaret er ope for alle interesserte; medieelevar, høgskulestudentar, lærarar, film­interesserte og andre.

Seminaret blir halde i storsalen i Sogndal Kulturhus (tidlegare annonsert Fossbygget).

Program:

10.00 Velkommen

10.15 ” NRK-fotograf Torje Bjellaas:
” Med OL i Vancouver og Bratt i Sogn framfor kamera”
Torje er ein av dei beste og mest røynde fotografane/klipparane I Norge på arbeid i brattheng – helst med ski på beina. Kva er dei viktige grepa ? Korleis går du fram for å skapa ein film fart og rørsle i bratt terreng.
Han er dessutan nyss heimkomen frå OL i Vancouver og tek sjølvsagt opplevingar derifrå med i foredraget sitt – alt krydra med gode sugande filmklipp.

Kl. 12.15 – 13.30 Filmregissør Ubbe Haavind, Trøbbelfilm :
” Reklamefilmsuksessen Lerum – kva er løyndomen?”
Haavind er regissør for Lerum-filmane om saftbygda Sogndal. Lerum har skapt seg ei sterk merkevare. Korleis tenkte Trøbelfilm/Haavind då dei laga reklamefilmane.
Også Haavind har med seg eksempel frå innspelinga av Lerumfilmane.. Haavind har jobba med reklamefilm sidan 1994 og har vunne ei rekkje internasjonale prisar.

Kl. 13.45 – 15.00Filmregissør Pål Øie:
” Frå Villmark på Kaupanger til Skjult i Hollywood”. Øie fortel om og viser klipp både frå innspelinga av Villmark i Kaupangerskogane og USA-aktuelle Skjult. Korleis vert ein skikkeleg gysar til.
Om kvelden blir det festkveld med framsyning av kortfilmar i Sogndal kulturhus – heile 30 filmar er påmelde! Det skjer frå 18.00 og utover og USA-aktuelle Pål Øie er prisutdelar for hovud­premien for beste film.

Kontaktpersonar

Festivalsjefar Margreta Teigen Svedal og Stine Mari Flikki.
Filmansvarleg Sogndal vgs Johnny Flaten. 92 43 41 44

Bygg

Sogndal Kulturhus

Rom

Storesalen

Kontaktperson

Filmansvarleg Sogndal vgs Johnny Flaten. 92 43 41 44


Sist endra: 15. mars 2010 09:35:33